søndag 8. november 2009

Å, vårt vakre land!!

Vinneren, av forrige runde i NorgeRundt, ble Stine Marie.  Hun har sendt en flott presentasjon av Ørsta. Var så mange flotte bilder så har valgt å slå de sammen i noen collager i stede for å velge bort noen av dem(hadde blitt veldig lang presentasjon) ,- for det klarte jeg rett og slett ikke.

Stine Marie har vunnet 5 solkort à 100 kroner fra Brun og Blid :)

---------------------------------
Ørsta
Dette stykket er sjølvsagt skrive på nynorsk sidan nynorsken sin stamfar; Ivar Aasen kom frå denne bygda.

Ørsta kommune er største landkommunen i Møre og Romsdal, med sine vakre fjell og fjordar er det eit flott reisemål for turistar. Kommunen har om lag 10 400 innbyggjarar, og av desse bur om lag 6 500 i Ørsta sentrum.

Ørsta har mykje å by på, både for familier, eventyrlystne, unge og gamle. Det vakraste med Ørsta er nok naturen. Fjelltoppar som lokkar og speglar seg i Ørstafjorden på fine dagar.

Ørsta byr på gode badetilhøve på gode dagar. Litt for ein kvar smak, og lett tilgjengeleg for alle.

Ørsta har ein årleg naturfestival (http://www.naturfestivalen.no/) og her skjer der mange spennande arrangement. Høgdepunktet på festivalen er ”Saudehornet rett opp”( http://www.saudehornet.no/). Det er eit løp der alle kan delta, med premie til den som spring raskast opp frå tareblad til tinderad 1303 m.o.h.

Mosjonsklassene er inndelt slik ar alle kan vere med på Saudehornet rett opp. Både små og store, trente og utrente. Det er eit yrande folkeliv på vegen opp og det sosiale er på topp.

Utsikta på toppen kan ein nesten ikkje sjå seg mett på.

Ein treng ikkje gå på lange fjellturar for å kome opp i høgda for å få utsikt. Helgehornet er ein fin ein-times tur som trekk til seg til menneske og dyr i alle aldrar.

Lidaveten er også ein rask topp å gå på, men litt brattare enn Helgehornet.
Til gjengjeld får du oppleve ei fantastisk utsikt på vei opp som kan ta pusten i frå deg!

Ein treng ikkje å gå på fjelltoppar for å få sjå og oppleve Ørsta. Der er ei mengd stadar å oppsøkje om ein vil ha ei oppleving ute i det fri som ikkje krev at ein er i fysisk toppform. Brudavollen er ein flott stad å ta med born for å oppleve dyr og ha ein piknik ute i det fri. Medan dei vaksne slappar av og nyt naturen kan ungane springe rundt og leike seg. Elles kan små skogsturar by på mange fine opplevingar og vise fram mange skjulte naturperler.


Og nokre gongar er det ei glede berre å smake på friskt godt fjellvatn.
Vinteren er og ei vakker tid i Ørsta


Skøyter på Hovdevatnet er ein ynda aktivitet når det frys is på vatnet.

Takk for at de vart med på denne biletereisa,
Eg har dessverre ikkje bilete av alt Ørsta har å tilby.
Men eg håper de sit att med eit godt inntrykk.

5 kommentarer:

Unknown sa...

kjempeflotte bilder og en super presentasjon!!!

Hanne sa...

Nydelige bilder:-)
Gratulere med seieren.

HildeS sa...

Kjempeflotte bilder:-)) Jeg har vært i Ørsta for mange mange år siden, og kanskje er det på tide med en ny tur dit.. Flott!

GAWO sa...

Etter denne presentasjonen av Ørsta får jeg virkelig lyst til å dra dit (igjen). Vakre bilder!!

Lotta sa...

Vilka fantastiska bilder.
Vilken härlig natur och så fint fotat
Grattis till en massa kanonbilder
Kramizzz Lotta

Related Posts with Thumbnails